Hopp til hovedinnhold

Faraos forbannelse

av Elisabeth Skråmestø Wyller sist endret 2017-08-31T10:42:47+02:00
Johansen, Eldrid

Faraos forbannelse

Mangschou, 2017

Faraos forbannelse er skrevet av forfattar, skodespelar, songar og religionshistorikar Eldrid Johansen.

Boka handlar om Mathilde som for første gong skal til Egypt der mor hennar døyde under ei arkeologisk utgraving fleire år tidligare. Det er tydeleg at nokon har halde eit auge med Mathilde i dei åra som har gått og at noko ikkje stemmer med måten mora døyde på. Med hjelp frå kusina Susanne nøster ho opp i ei samansverging som viser seg å gå heilt tilbake til den kvinnelege faraoen Hathsepsut si tid.

Faraos forbannelse er ei herleg blanding av fakta og fiksjon, som forfattaren hjelper lesaren å sortere på slutten av boka. Den tek lesaren med frå morsomme scener om fedre med feriemage, til særdeles nervepirrande spenningstoppar. Den retter også fokus på kvinners posisjon i historia, sjølv om det i dette tilfellet må litt fiksjon til for å gi plottet volum.

Boka passer frå ca. 10 år og vil kunne fenge både dei som interesserer seg for historie, kvinnesak og god gamaldags spenning.