Hopp til hovedinnhold

Fengsla

av Anne Wang-Andersen sist endret 2023-03-24T14:24:01+01:00
Ein ettermiddag på seinsommaren kjem kusine Mai med toget for å bu saman med Idun og mor hennar. ”Kor lenge skal ho bli? spurde eg då mamma var nær nok til å bli snakka til. Mamma svara ikkje, ho berre såg på meg med det blikket som hadde eit anna blikk innanfor som sa at eg burde vere meir generøs”.
Hilde K. Kvalvåg

Fengsla

Samlaget, 2010, Norge
978-82-521-7426-7
barn

Idun og Mai er nesten jamngamle kusiner, men svært ulike typar. Idun hugsar godt alt rotet i fjor sommar, då Mai hadde halde på med to gutar på éin gong. Mai er ein slik type der det å liggje med nokon er det same som å seie hei, tenkjar Idun. Ho har slettes ikkje lyst til å ha Mai buande. Mai med dei viltre krøllane, som alltid finn på noko, som tøft puttar ein pris snus under leppa, og som stadig får ting til å gå i knas rundt seg. Men Mai er også ei stadig påminning om kor kjedeleg Idun er, og ho går ikkje av vegen for å fortelje det til Idun heller: Sjølv mor di synast du er kjedeleg! Det har ho sagt til meg, hevdar Mai. Er det sant? Mai fortel sjeldan sanninga, tenkjer Idun. Seinare tenkjer ho at ”det er mange måtar å snakke sant”. For Idun synast at ho sjølv er kjedeleg. Ho er skoleflink og pliktoppfyllande. Ho trenar mykje, men kjem alltid på 2. plass. Ho har aldri hatt kjærast. Og dei bur på ein sjeldan kjedeleg liten plass.

Kva skjer når Idun kjem til denne øde plassen, med ein fengselinstitusjon på ei øy midt i fjorden? Har den noko med tittelen å gjere? Vert nokon fengsla?