Hopp til hovedinnhold

Flukten av Francesca Sanna

av Bjørg Karin Lunde — sist endret 2023-03-25T15:03:01+01:00
“I fjor ble livene våre forvandlet for alltid. Krigen startet.” Flukten er ei stemningsfull bildebok om å forlate alt det kjende og dra ut på ei farefull ferd.
Francesca Sanna

Flukten

Fortellerforlaget, 2017
978-82-8103-363-4
barn

Francesca Sanna er ein italiensk forfattar og illustratør. Ho ønska å fortelje om flukt med dei som har flykta sine eigne ord. Ho intervjua mange, mellom anna to jenter i ein leir for flyktningar i Italia.

Historia byrjar før krigen, då familien drog på stranda kvar helg og livet var lyst og fint. Kontrasten mellom lys og mørke vert òg spegla i illustrasjonane. Krigen er vist som svarte hender som grip rundt seg og øydelegg alt.

Fargane er nedtona, duse, metta og i retrostil, og er med på å få fram kontrasten mellom det normale og unntakstilstanden. Der det er fred er fargane lyse, og under flukta er fargen og håpet grønt, medan krig og fare er svart og raudt. Illustrasjonane er metta med symbol og rike på detaljar. Det skeive maktforholda blir framheva av kontrastar i bileta. Dei som er på flukt er små, medan grensevakta dekker nesten heile sida. Dette er grep som formidlar den sterke handlinga og kjenslene i boka på ein god måte.

“Vi har gått ombord i en båt med mange mennesker. Det er trangt om plassen og det regner hver dag.”

Boka passar for born i alderen 6-13 år.