Hopp til hovedinnhold

Forelska i Feisbukk

av Ingrid Ytre-Arne sist endret 2017-09-06T11:00:04+02:00
Hans Sande; Per Dybvig

Forelska i Feisbukk

Cappelen Damm, 2014, Norge
978-82-02-43652-0
barn

Har du vore i Våtedalen og sett geitene oppetter dalsidene? Det er her dei to bestevenene Feisbukk og Smørbukk blir fødde ein fin og spretten vårdag.

Feisbukk fekk navnet sitt fordi han feis tre gonger rett etter at han vart fødd. Og Smørbukk fordi han vart fødd i ei eng av smørblomar. Heile dagen spring dei omkring saman med dei andre kjea og stangar og leikar seg. 

Så ein dag er dei nede og drikk i Storelva. Dei speglar seg i vatnet og får auge på to svære bukkar med langt skjegg og krullehorn! Kva i alle dagar har skjedd? Kan dei vere like gode vener no?

Feisbukk er no den største og sterkaste bukken i heile Våtedalen! Og alle geitene er ville etter han og vil ha han til kjæraste. Men Feisbukk går sine eigne vegar. Han går opp på den høgaste toppen for å passe på sola og vinden og regnet. Då ler dei andre av han og syns han er ein tullebukk. Feisbukk blir fortvila og rasande! Han stikk hol i skyene med dei skarpe horna sine, så regnet sildrar og strøymer og fossar ned i dalen, ned til alle bukkane, geitene og kjea.

Han skjønar at han må stoppe regnet han har slept laus, men korleis skal han klare det? Og dessutan er det ein ting til han må finne ut av, nemleg kven han vil ha til kjæraste…