Hopp til hovedinnhold

Gøy billedbok med spøkelser

av Bjørg Karin Lunde — sist endret 2023-03-24T14:44:22+02:00
Kohara, Kazuno

Spøkelseshuset

Omnipax, 2009, Norge
978-82-530-3206-1
barn

Ei jente og katten hennar flyttar inn i eit gamalt hus i utkanten av byen. Huset viser seg å være fullt av spøkelser.

Men det er heilt ok. For jenta er sjølvsagt ei heks som er kjempegod til å fange spøkelser. 

Med eventyrtrekk som ”Det var en gang…” og ”Så levde de lykkelig alle sine dager”, cliffhangers, god driv og korte setningar blir denne biletboka god å lese høgt med ein eller fleire små i armkroken. Boka passar godt for born i ulik alder, og er difor godt egna til å lese for søsken. Frå 2 år og opp til skulealder. Boka kan òg nyttast til eigenlesing for dei som nett har lært å lese.

Illustrasjonane er linotrykk i svart på oransje bakgrunn. Stil og fargebruk er enkel og passar godt til teksten. Illustrasjonane illustrerer teksten konkret, men utfyller òg teksten med symbolikk og frampeik. Du kan sjå at det er eit spøkelseshus før dette går fram i teksten. Katten er med gjennom heile boka, utan å vere nemd.

Både tekst og illustrasjonar er ved japansk-engelske Kazuno Kohara. Ho fekk prisen "Best Illustrated Children’s Book of 2008"  frå The New York Times. Les òg boka hennar Lille trollmann frå 2010.