Hopp til hovedinnhold

Hei hår! Om verdens rareste kroppsdel

av Trine Dale sist endret 2018-05-29T15:12:50+01:00
Dette er ei bok med mange underlege og artige fakta om hår, eller rettare sagt menneskepels.
Annica Hedin ; Fredrik Swahn

Hei hår! Om verdens rareste kroppsdel

Omnipax, 2018
barn

Kvifor har nokon rett hår medan andre har krøller? Kva gjorde vi menneske før vi hadde sjampo? Brukte urin frå kua eller mjøl for å få vekk feittet, vel!

I denne boka kan du lese om Ludvig XIV sine parykkar, om hårmote gjennom tidene, og du kan til og med få lekre (og litt elleville) frisyretips. Boka er full av fargerike og humoristiske illustrasjonar der håret får utfalde seg fritt i alle fargar, former og fasongar. Det er moro med hår!