Hopp til hovedinnhold

Høy i hatten

av Elisabeth Skråmestø Wyller sist endret 2023-03-24T14:29:42+02:00
Ei morsom bok med alvorleg undertone og ein imponerande parykk.
Ragnar Aalbu

Høy i hatten

Cappelen Damm, 2014, Norge
9788202439316
barn

y i hatten er den tvitydige tittelen på Ragnar Aalbu si nyaste bildebok. Eller "onkel Ragnar", som han har valt som pseudonym på forsida.

I boka møter vi ein liten, namnlaus mann som har mista håret. Han tenkjer tilbake på barndommen og håret han hadde då, og han er overbevist om at alle dei kule har hår. Han vil vere kul.

Dette leier han inn på nettsida dindott. Der kan han velje mellom ulike parykkar, med og utan ekstrautstyr. Han går for ”Såte De Luxe”. Endeleg skal han vere ein av dei kule.

Men korfor følgjer ein innpåsliten fugl etter mannen og det nye håret hans?

Høy i hatten er full av sjarm og humor, men samstundes handlar den og om å kjenne seg utanfor fellesskapet. Dette temaet klarar boka å behandle med respekt, sjølv med ei humoristisk innfallsvinkel. Illustrasjonane er stilige og informative, her ligg det mykje informasjon som gjer at boka vil fungere på fleire nivå.

 

Boka vil nok falle i smak for dei fleste mellom tre og 99 år.