Hysj
Hysj
Hanna besøker Siv kvar sommar, men denne sommaren er ikkje Siv lenger interessert i halde pusten lengst mogleg under vatn, og ho synest krabbefiske er kjedeleg. Hanna er for barnsleg for Siv, som mykje heller vil vere med storesystera og venene hennar. Desse ungdommane og spenninga som følger med dei; dei plutseleg vaksne kroppane deira, gutar, bilar og røyking. Hysj seier tittelen. Hysj, Hanna. Hanna må lære seg å halde alt det som er spennande, hemmeleg for dei vaksne, elles får dei ikkje vere med. Det er ikkje berre enkelt for Hanna som vanlegvis svarar på alt ho blir spurd om...
Winsnes tek seg tid, tid til å vise alt som boblar under overflata, ved å vere tett på i bildeutsnitt og la enkle rørsler få utfalde seg over heile oppslag. Spenninga mellom dei to jentene er til å ta og føle på, og naturen som omringar dei er like levande som dei sjølve.