Hopp til hovedinnhold

Monsteret i natten

av Elisabeth Skråmestø Wyller sist endret 2018-03-13T15:36:45+01:00
Frank Steen er ein vanleg men einsam gut. Den dagen han fyller ni år og ingen av klassekameratane kjem i bursdagen hans, begynner rare ting å skje.
Mats Strandberg ; Sofia Falkenhem

Monsteret i natten

Omnipax, 2017, Sverige
barn

På Frank sin niårsdag blir hunden Uffe så ivrig at han kjem til å bite Frank i handa. Frank får merkelige draumar der han er dekka i pels. Alt han ønskjer er å bli klødd litt på magen, men dei som kan klø han blir redde og spring sin veg. Samtidig melder folk i området om eit monster som angrip om natta. Frank må leite andre stader enn hos menneska for å finne fellesskap.

Monsteret i natten er ei nydeleg bok med eit lesenivå som passar frå ca. andre trinn. Den kan også lesast høgt frå seks år. Historia er passe skummel, kanskje meir skummel for dei vaksne som vil ta ein del av referansane til mellom anna skrekkfilmar og Twin Peaks. Referansar til pop-kultur som går over hovudet til målgruppa er eit grep som det er lett å mislukkast med. Hos Strandberg fungerer referansane også sjølvstendig, for Strandberg sine ugler er ikkje alltid det dei gir seg ut for å vere, og det er ikkje bibliotekarane heller.

Strandberg har skrive ei bok til om Frank Steen som har tittelen Monsteret på sirkus. Den er endå ikkje ute på norsk, men vi håper å ha den på hyllene snart.

... ei nydeleg bok med eit lesenivå som passar frå ca. andre trinn