Tween i ein moderne familie
Mira : #husbåt #pappa #kjærlighet
Nye vennskap oppstår, gamle vennskap blir sett på prøve, og endeleg skal Mira få møte faren sin for første gong. Blir det rart, eller fint, eller kanskje begge deler? Kva skal ho ha på seg første gongen dei møtast, og har han eigentleg plass til Mira i livet sitt?
Det er eit fortreffeleg samspel mellom Sabine Lemire sin tekst og Rasmus Bregnhøi sine humoristiske illustrasjonar. Karakterane treff særleg godt, det same gjer mange av situasjonane i bøkene, som tidvis er heilt tatt på kornet, i eit lite glimt av moderne, skandinavisk levesett anno 2019, med yoga-mødrer, insta-profiler og urban gardening.
Teikneseriane om Mira er forfriskande kvardagslege og løysingsorienterte, og Mira sjølv er ein sjarmerande, klok og morosam tween som det er verdt å bli kjend med.
Lån første bok om Mira her.