Vi skulle vært løver av Line Baugstø
Vi skulle vært løver
Jeg må bare innrømme det. Jeg blir litt skuffet første gangen jeg ser Leona. Hun ser helt annerledes ut enn jeg har forestilt meg. Leona betyr løve, ikke sant? Og løver er modige dyr med skarpe klør. De lar ikke andre bestemme. Det er det vi trenger i klassen. Det er det jeg ønsker meg. En ny venninne som ligner en løve.
Slik opnar Vi skulle vært løver av Line Baugstø. Det er ikkje enkelt å vere modig når du eigentleg føler deg feig, å vere ei løve når du eigentleg føler deg liten. Det begynner ei ny jente i klassen, Leona, ei sjenert jente med eit sterkt og vakkert løvenamn. Ho ber på ein stor løyndom, men det går ikkje lang tid før løyndommen blir avslørt, og det på verst tenkeleg vis, i gymgarderoben. Leona har ikkje alltid heitt Leona. Før var namnet hennar Emil, ho var ei jente fanga i ein gutekropp. No er ho Leona, ei jente som ønsker seg ein ny start på ein ny skule, og der møter ho Malin. At Leona har vore ein gut vekker sterke reaksjonar i klassen. Det er i møte med sanninga om Leona, at Malin verkeleg skulle ønske at ho var sterk og modig som ei løve.
Baugstø har skrive ei barnebok om komplekse spørsmål knytt til kjønnsidentitet og konformitetspress. Språket er nøkternt, og nokre gonger er svara på dei store spørsmåla noko enkle, men det er likevel medrivande og truverdig lesnad. Malin er hovudpersonen i forteljinga, og dette er eit godt grep. Dei mangesidige og forvirrande kjenslene hennar kjem godt fram, og det er dei nyanserte skildringane av tankane til Malin som løftar forteljinga.
Vi skulle vært løver feirer individualitet og mangfald, og framfor å dvele ved det å vere annleis, handlar den hovudsakleg om korleis menneske er og reagerer i møte med det som er annleis. Korleis møte andre, og møte det som er annleis, utan å møte seg sjølv i døra? Det handlar om å vere fri og om å få vere seg sjølv, og det handlar om vennskap og lojalitet. Det råder ingen tvil om at Malin og Leona er løver, anten dei trur det sjølv eller ei.