Føremål med skulebibliotek
av Arild Ness
—
sist endret
2020-02-21T09:55:29+01:00
Skulebibliotektilbodet skal vere i samsvar med strategi for utvikling av skulebibliotek i vidaregåande opplæring i Hordaland 2017 – 2020, «Skulebiblioteket – kunnskapskjelde, kulturberar og sosial møteplass.». Strategien var vedtatt i fylkestinget i desember 2016.
I følgje Hordland fylkeskommune sin strategi skal skulebiblioteket:
- Auke motivasjon, vekke nysgjerrigheit og begeistring for læring.
- Gi oppleving av læring, motivasjon og meistring, uavhengig av bakgrunn eller individuelle føresetnader.
- Legge til rette for auka læringsutbytte.
- Vere ein ressurs for å styrke leseferdigheit og digitale ferdigheiter.
- Lære elevane å finne og bruke tekst og kjelder i einskilde fag.
- Vere til inspirasjon, hjelp og støtte for undervisningspersonalet.
- Delta i skulen sitt arbeid for auka gjennomføring.
- Vere samlingsstad og arena for kulturelle opplevingar og litteratur.
- Vere ein sosial møteplass.
- Skape trivsel og motverke utanforskap ved å møte elevar med respekt og omtanke.
- Bidra til eit godt psykososialt skulemiljø.
Skulebibliotekfunksjonen må i tillegg ivareta:
- Skulen sine behov slik driftsavtalen skisserer.
- Bibliotekfagleg brukaropplæring for nye elevar og lærarar ved starten av skuleåret.
- Planlegge og gjennomføre kurstilbod i brukaropplæring for elevar og lærarar i samsvar med skulen sitt årshjul og pedagogiske arbeid.
- Opplæring av skolen sitt personale i bruk av biblioteket som pedagogisk verkty.
- Innsikt i læreplanar og pedagogiske føringar for skulen sitt arbeid.
- Samarbeide med skulen om elevutstillingar og arrangement.
- Vere til stades på skulen sine opne dagar.
- At elevane er kjende med tilgjengelege læringsressursar, og lære dei å finne og bruke tekst og kjelder i einskilde fag.
- Planlegge og gjennomføre prosjekt og andre undervisningsopplegg, skaffe og formidle relevante bøker og medier til slike prosjekt.
- Utlån, innlevering, registrering og istandgjering av lærebøker i skuleåret. I tillegg kjem ansvar for bestilling, innkjøp, mottak, purring på ikkje-levert materiale og krav om erstatning for ikkje-leverte læremiddel. Skulen har ansvar for å gi B.O.B. beskjed om kva læremiddel som skal gå ut frå samlinga.
- Å delta i nettverksgruppa for skulebibliotekarane i vgs i Hordaland.
- Å delta på kurs og seminar og halde seg orientert om utviklinga innan skulebibliotek.
- Å gå inn i den daglege drifta av biblioteket.