Hopp til hovedinnhold
av Trine Dale sist endret 2024-11-20T13:42:38+01:00
I 2024 feirar vi 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov. I 1274 samla kong Magnus VI for første gong heile det norske kongeriket under éi lov. Den nye Landslova var eit banebrytande politisk og juridisk arbeid, og etter at han døydde, fekk Magnus tilnamnet Lagabøte – «lovforbetraren». Foredrag ved Lars August Hafting Kvestad frå Høgskulen på Vestlandet.
  • Magnus Lagabøtes landslov 1274-2024
  • 2024-12-17T17:30:00+01:00
  • 2024-12-17T18:30:00+01:00
  • I 2024 feirar vi 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov. I 1274 samla kong Magnus VI for første gong heile det norske kongeriket under éi lov. Den nye Landslova var eit banebrytande politisk og juridisk arbeid, og etter at han døydde, fekk Magnus tilnamnet Lagabøte – «lovforbetraren». Foredrag ved Lars August Hafting Kvestad frå Høgskulen på Vestlandet.
Tirsdag 17. desember 17:30
Ytre Arna bibliotek
Det er fleire ting ved Landslova som gjer ho unik. Lova tok sikte på å regulere samfunnet i sin heilskap, ho kom i ein periode der det fanst få andre lovbøker, og ikkje minst vart ho brukt gjennom fleire hundreår.
 
I dette foredraget vil de få høyre om tilhøva då Landslova vart til, og korleis Landslova har vore med på å forma det norske samfunnet fram til i dag. Undervegs vert eldre dokumentasjon bruka til å illustrere korleis lova vart brukt, men også kor annleis nokre delar av det samfunnet lova skulle regulere er samanlikna med i dag.

Magnus Lagabøtes landslov 1274-2024