Hopp til hovedinnhold

BOBCAST: Krigen i Ukraina - det ukrainske perspektivet

I dette foredraget frå Akademisk aften snakkar Martin Paulsen om kva ukrainarane tenkjer om krigen og framtida.

Det har no gått eit år sidan russarane gikk til opent åtak på Ukraina. Det har vore eit år med mykje daud, liding og øydeleggingar for ukrainarane. Samstundes har dei vist at dei står saman mot fienden og dei har fått støtte frå mange land. Paulsen jobbar med russisk, belarusisk og ukrainsk språk og litteratur. Han har nylig omsett eit essay skrive av den ukrainske forfattaren Oksana Zabuzjko i samband med Russland sitt angrep på Ukraina. Det er utgitt i boken Min lengste reise.

Foredraget er ein del av serien "Akademisk aften" og er eit samarbeid mellom Bergen Offentlige Bibliotek, Universitetsbiblioteket, NHH og HVL.