Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Kjersti Hatland sist endret 2018-11-12T15:14:46+00:00
Her kan du høyre Renate Rivedal sitt foredrag om kunstnaren Tove Jansson.

Den finlandssvenske forfattaren og illustratøren Tove Jansson (1914-2001) er mest kjend for sine bøker om Mummitrollet. Bøkene tek utgangspunkt i Jansson sine barndomsminne frå den finske skjærgarden. Her var det rom for både det magiske og det kvardagslige, det fine og det triste. Men Jansson var meir enn Mummiverda, ho teikna politiske karikaturar mot nazismen, ho utførte altertavle og freske i rådhuset i Helsinki. Vi ser nærare på mennesket Jansson, men også forfattaren som henvendte seg til vaksne og til born, og ikkje minst kunstnaren og illustratøren Tove Jansson.

Her kan du høyre Renate Rivedal sitt foredrag om kunstnaren Tove Jansson. Rivedal er kunstformidlar og jobbar som kulturkonsulent ved Enhet for kulturformidling og deltakelse. Ho har master i kunsthistorie og lang erfaring som formidlar ved ulike kunstinstitusjonar.