Hopp til hovedinnhold
av Kjersti Hatland sist endret 2022-08-03T12:42:12+02:00
Susanne Skogstad er fødd og oppvaksen på Eid i Nordfjord. Svartstilla er debutromanen hennar. For tida studerer ho på manuslinja ved Westerdals.

I romanen Svartstilla møter vi ei gamal enke som kjempar for å halde fast ved alt som har vore etter ektemannen som har gått bort. Ho møter motstand i dei tre vaksne barna sine, særskilt i den rasjonelle, og til dels kyniske, eldstesonen Jon, som prøver å løfte sorga hennar ved å ta frå henne det siste ho har att: huset som rommar det ho omtalar som «stilna som er fråværet av nærleiken.»

Svartstilla er ein liten roman med store spørsmål om kva eit menneskeliv er, kva kjærleiken er verdt, og kva den kostar. I den gamle kvinna sin kamp for å halde fast i den store sorga etter ektemannen, skildrar forfattaren mennesket si søken etter meining i ei stadig meir opplyst verd.