Hopp til hovedinnhold
av Kjersti Hatland sist endret 2019-04-05T10:29:58+02:00

Kva kan kroppsskildringar i litteraturen fortelje oss om arbeidarklassen? I Noreg har arbeidarlitteraturen eit gjennombrot kring 1900, og skildrar kvinner og menn i krevjande kroppsarbeid. «Eg har daa nevar, hehe! Han ser paa dei store faste nevane sine, dei er harde og rovlute av trælar i handloven. – Blir nok nevane som maa ta i, skal ein naa fram til pengane», skriv Kristofer Uppdal i fyrste bind av Dansen gjenom skuggeheimen.

Kroppen er arbeidaren sin viktigaste reiskap, ja, langt på veg ein føresetnad for at den einskilde arbeidar skal overleva i arbeidarklassen. Me ser på korleis arbeidarlitteraturen skildrar arbeidarens kropp, og korleis kroppsskildringane seier oss noko om arbeidarklassens liv og tilhøve.

Ingrid Nestås Mathisen disputerer i vår på ei avhandling om Nini Roll Ankers og Kristofer Uppdals arbeidarlitteratur. No jobbar no som høgskulelektor ved NLA Høgskolen.