Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Kjersti Hatland sist endret 2019-05-22T15:01:35+02:00

I romanen «Den som henger i en tråd» frå 1935 utforskar Nini Roll Anker kvifor ugifte arbeidarklassekvinner opplevde livsfarlege og illegale abortar som den beste løysinga. I dette foredraget ser me på ein sterk roman som viser oss at kvinners seksualitet og klassesituasjon er tett knytt saman.

«[D]et koster to hundre og femti kroner hos de fine [...] Ladi, svarte Gyda, hu tar en flaske konjakk for det» (1935:134).

Ingrid Nestås Mathisen disputerer i vår på ei avhandling om Nini Roll Ankers og Kristofer Uppdals arbeidarlitteratur. No jobbar ho som høgskulelektor ved NLA høgskolen.