Hopp til hovedinnhold
av Kjersti Hatland sist endret 2022-08-03T12:29:22+02:00
Lytt til lyrikken er ein programserie i regi av Olav H. Hauge-senteret.

Er det skilnad på å skrive eit dikt og ein songtekst? Ordet lyrikk kjem som kjent frå det greske ordet for strenginstrumentet «lyra», og i antikken var lyrikk song til strengespel. Det kinesiske ordet for lyrikk, «shi», tyder ordsong, og peikar også til songen. Er det slik at songlyrikken og lyrikken lever meir separate liv i dag? I denne programposten har tekstforfattar og musikar Frida Ånnevik fått invitere med seg ein diktar ho har lyst til å møte, og valet fall på Anna Kleiva. Dei to møtest til ein samtale om å skrive og å leve med, songar og dikt.

Frida Ånnevik har sidan debuten i 2009 markert seg som musikar med poetiske tekstar, og er kjend for å løfte fram det store i dei små tinga. Ho har hausta heile tre spelemannsprisar i kategoriane tekstforfattar og viser. Anna Kleiva har gjeve ut tre diktsamlingar sidan debuten i 2011. Ho vert omtala som ein språkkunstnar med overskot og stor biletskapande kraft, og i 2015 vart ho tildelt Bjørnson-stipendet. Dei to møtte kvarandre 23. oktober 2019 på Bergen Offentlege Bibliotek.