Hopp til hovedinnhold
av Kjersti Hatland sist endret 2022-08-03T12:30:35+02:00
Foredrag av kunsthistorikar Renate Rivedal.

Singerparet var eit rikt amerikansk ektepar utan pengesorger. Dei busette seg i ein kunstnarkoloni i Laren i Nederland, men etter reiser til Noreg falt dei pladask for den norske naturen og særskilt Olden i Nordfjord. Frå 1913 budde dei fast her i lange somrar fram til dei døde. Og frå 1921 haldt dei hus i Villa Dalheim, ein stor eigedom der alle husa var malt i den same turkisgrøne fargen som Oldenelva når blåbreen smeltar.

Singerparet hadde ein stor hushaldning med tenarar, og kunstnarvener som budde hos dei. I tillegg til å vere kunstsamlarar, var William sjølv kunstnar og bygde sitt eige atelier på eigedomen. Hovedhuset var fylt med kunst og antikviteter, frå klassiske maleri, kinesiske Buddhaer, persiske tepper, 1500- og 1600-talls møblar, kinesisk proselen og ekte Tiffany-lamper.

Opptaket ble gjort 28. januar 2020 på Bergen Off. Bibliotek.