Hopp til hovedinnhold
av Kjersti Hatland sist endret 2020-03-26T14:48:58+02:00

Kunstig intelligens er i frammarsj for å revolusjonere helsetenesta. Ved hjelp av nye metodar vil ein kunne stille meir presise diagnosar og få betre tilpassa medisin for enkeltpersonar. Fleire sjukehus i verda har allereie begynt å ta i bruk kunstige intelligensar som kan stille enkelte diagnosar raskare enn legane kan. Slike nyvinningar sparer menneskeleg arbeidskraft for hovudbry og frigjer tid til andre oppgåver, men populærvitskapen viser ei rekkje skrekkscenario og KI som ein øydeleggande teknologi. Kor realistisk er eigentleg slike framstillingar?

Tek vi eit steg tilbake, er det nokre viktige spørsmål som treng å diskuterast. Kjem utviklinga til å redusere menneskeleg kompetanse innan helsesektoren? Vil vi få robotlegar i framtida eller er dette rein fiksjon? Kva etiske og samfunnsmessige konsekvensar vil vi bli nøydt til å diskutere om ein skal kunne realisere robotlegen?

Paneldeltakere er Klas Pettersen (leder for NORA (Norwegian Artificial Intelligence Research Consortium), Ishita Barua (lege og forsker ved Institutt for helse og samfunn, UiO) og Runar Gunnerud (IT-konsulent i Accenture og sosialantropolog).

Opptak fra Studentersamfunnets ukentlige frokostmøte ved Bergen offentlige bibliotek, den 4. februar 2020.