Hopp til hovedinnhold
av Kjersti Hatland sist endret 2022-08-03T11:12:39+01:00
Therese Tungen og Kristian Hæggernes i samtale med Rolf Enger fra Skrivekunstakademiet.

Korleis står det til med novellesjangeren i Noreg eit godt stykke inne på 2000-talet? Kvar har sjangeren utvikla seg, og er moglegheitene fleire enn mange trur når det gjeld å skrive kortare prosa? Nokre svar kan ein håpe å få i møte med to aktuelle norske novelleforfattarar, Therese Tungen og Kristian Hæggernes. Tungen debuterte i år med novellesamlinga ”Ein gong var dei ulvar”, medan bergensforfattar Hæggernes er aktuell med ”Ida & Oda og andre fortellinger”. Dei to presenterer bøkene sine og samtalar med skrivelærar Rolf Enger om novelleskriving. Arrangementet markerer slutten på årets novellekurs ved Skrivekunstakademiet.