Hopp til hovedinnhold

Kjære pappa

av Arild Ness sist endret 2019-10-17T21:28:03+01:00
I Kjære pappa skriv Kjartan Brügger Bjånesøy om far sin Karstein, som brått blir råka av hjerneslag under ein vakker feriedag i havgapet i Austevoll. Den tidlegare nevenyttige, optimistiske og livsglade sjømannen overlever, men skal sidan bli meir og meir redusert av hendinga.
Kjartan Brügger Bjånesøy

Kjære pappa - vi er andre menn no

Kagge, 2019
voksen

Under dei komande månadane og åra skal forfattaren skildre ein far som aldri heilt klarer å fungere som før. Det er musklar som ikkje lenger responderer, det er hjelpemidler som ankjem heimen, gåstolen, eit spesiallaga toalettsete, naudknappen rundt halsen for dei mange gongane han ramlar over ende. Teknologiske tilpasningar til ein kropp og ein hjerne som visnar litt etter litt. Faren har blitt ein annan mann.

Men Kjære pappa viser ikkje berre korleis sjukdommen til faren utviklar seg. Det er også ei bok om det å være pårørande, korleis vi alle råkast når nokon vi er glade i blir sjuke. Det er samstundes ein refleksjon over dei ulike rollene vi trår inn og ut av etter kvart som vi blir eldre, og kanskje nettopp når det er sjukdom som tvinger oss til å reflektere over vår plass i livet.

Kjartan har sjølv blitt ein “middelaldrande” familiefar busett i hovedstaden, men sjølv som nærmare 50 år kan han likevel kjenne seg som eit barn i relasjon til faren. Bjånesøy blir nettopp, både som forteljar og som son og far, eit bindeledd mellom den gamle og det nye tida. No er det han sjølv som skal ta over. Det er han sjølv som skal hjelpe til å stake veg til sine barn, vere det forbildet dei fortener, vere den same stabile klippa som hans eigen far var. Det er som om Kjartan har blitt ein annan mann no.

Kjære pappa er ei ganske rørande bok. Med lun forteljarstemme, humoristisk vidd og det som kjenst som ei naturleg mengde sentimentalitet, skapar forfattaren naturlege lenkjer mellom tre generasjoner i familien. Fotografi og gamle dagbøker hjelper på der minnet ligg for langt unna. Vi får historier om besteforeldra, det gryande kjærleiksforholdet til foreldra den gongen for eit halvt hundreår sidan, og om dagens samvær med kona Solveig og barna deira.

Brutaliteten som ligg i innsikta om at små betringsteikn hos faren berre er midlertidige og falske håp, er tungt å lese om. Forfattaren tenker det sjølv ein plass i boka; kanskje hadde det vært bedre om faren døde? Kva er vel verre enn langsam sorg som kun har ein mogleg utveg? Men midt i desse tankane gir broren si kone han ei innsikt som kjenst som den viktigaste bodskapen i boka: Ta vare på de gode tidene og respekter at sjukdom er ein del av livet. I motgong har du eit val mellom å lide, eller å akseptere.

Det er ikkje eit spørsmål om vi skal klare å takle døden og alderdommen - vi er nøydd til det.