Hopp til hovedinnhold

Pachinko

av Synne Ulltang — sist endret 2021-09-08T13:19:23+02:00
Ein roman om maktesløyse og moglegheiter.
Min Jin Lee

Pachinko

Oslo : Aschehoug, 2018

Den andre romanen til den koreansk amerikanske forfattaren Min Jin Lee tek oss med til Korea, Japan og USA i perioden 1910-1989. Med ei dramatisk historie som bakteppe følger vi enkeltmenneske sine skjebnar, og forfattaren skildrar korleis verdshendingar grip inn i kvardagen: dei styrer kva språk du får snakke, kva namn du kan ha, og kva jobbar du kan få.

Rundt karakteren Sunja spinn Lee ei familiekrønike som handlar om lojalitet og konsekvensane av dei vala vi tek, og dei vala som andre tek for oss. Vi får innblikk i Sunja sin oppvekst i eit okkupert Korea, og til hennar vaksenliv som kone og innvandrar i Japan. Samtidig glir forfattaren saumlaust mellom dei andre karakterane i familien, og vi blir godt kjent med både ektemannen og barna sine inste tankar.

Min Jin Lee er utdanna jurist, og då familien flytta til Tokyo byrja ho å gjere research på historia til koreanarar som budde der. Men romanen handlar om meir enn koreansk japansk kultur. Det dreier seg om å skape seg ein heim og ein identitet, og boka er aktuell for alle som ønsker at dei store lesaropplevingane både skal gje kjennskap til noko ukjent, men òg innsikt i ein sjølv.

Med eit rikt karaktergalleri, og ingrediensar som gangsterar, gambling og kjærleik, er denne framtidige klassikaren ein roman som blir med deg i tankane lenge etter at den er ferdiglesen.