Hopp til hovedinnhold
av Arild Ness sist endret 2022-12-20T10:51:16+01:00
Du treng ikkje vere forskar for å finne informasjon om gamal slekt. Du treng heller ikkje vere historikar for å finne ut kor dei levde. Sjekk kva som skjuler seg om forfedra dine i Digitalarkivet!

Artikkelen er henta frå og gjenbrukt med løyve frå Hordaland fylkesbibliotek.

Mange har sett NRK-serien «Hvem tror du at du er?» – ein serie om kjende personar som søker etter røtene sine – og fantasert om å gjere det same; å få eit innblikk i korleis beste-, olde-, og tippoldeforeldre levde. Kanskje tipptippoldemor har ein spennande historie du kan finne i historiske kjelder?

Slektsforsking for ein nybyrjar

Når du går i gang med å finne forfedrane dine, kan du starte med det enklaste – og kanskje den mest koselege delen; å ta ein prat med nolevande slekt. Sett over kaffien og ta frem ei eske konfekt, sjå på gamle dokument og avisutklipp og bla i gamle fotoalbum.

Etter å ha samla informasjon frå dei næraste er det tid for ein tur på biblioteket. Her kan du spørje etter lokal litteratur, og du kan høyre om du kan få kikke i arkiva. Denne delen krev litt meir, men kan og vere ein spennande prosess. Kyrkjebøker, folketeljingar og arveskift er dei tre viktigaste kjeldene vi har om enkeltpersonar og slektskap.

Forsk og finn frå stua

Og heldigvis er mange av desse kjeldene digitaliserte! Om du vil, kan du faktisk droppe turen til biblioteket og heller dykke i arkivet frå di eiga stove. På digitalarkivet.no finn du kjelder frå riksarkivet, statsarkiva og fleire andre arkiv.

Folketeljingar heilt frå 1600-talet og fram til 1910 kan vise kor folk budde, kven dei budde saman med, i tillegg til familie og alder.

Kyrkjebøker var folkeregisteret før i tida, så desse er også skanna og digitaliserte. Her kan det ta litt tid å leite seg fram i protokollane, men kan vere spesielt spennande når det gir resultat.

Den tredje kjelda i arkivet er arveskift. Når nokon døydde, blei arverett og slektskap klarlagt og notert i skifteprotokollen. Namn og andre opplysingar om den næraste familien kan du også finne her – fram til om lag 1850.

Hugs at fleire av desse arkiva krev at du veit namn, fødselsdato og bustad til ein person du ønskjer å vite meir om, og det føreset at du har notert ned informasjonen du fekk då du tok ein prat med den noverande slekta di.

Ei fantastisk fin gåve

Når du har funne opplysingar – anten om dine eigne forfedrar eller til ein annan – kan du kanskje lage eit fint familietre og gi i gåve? Det kan vere ei fantastisk fin gåve å gi til dømes i bursdagar, bryllaup eller berre når du vil glede nokon litt ekstra. Kanskje du også vil lage eit til din eigen stovevegg?

Digitaliserte fotoskattar

I det digitale fotoarkivet til Arkivverket kan du vere heldig å finne gamle bilde av slekt og stader. Kanskje finn du eit gamalt bilde av bygda di? Kriminalavdelinga har også lagt inn portrett frå forbrytaralbumet sitt, så her er det mogleg å finne arrestasjonar frå fortida.

Hugs at stadnamn har endra seg – til dømes var Kristiania namnet på Oslo før – så det kan vere lurt å prøve både gamle og nye namn.

Også på Marcus – spesialsamlinga ved Universitetet i Bergen – kan du vere heldig å finne digitaliserte skattar frå fortida. Her kan du søke i foto, manuskript, diplom og mykje meir. Nettstaden er kalla opp etter Marcus Selmer, Bergens første fotograf.

Artikkelen er henta frå og gjenbrukt med løyve frå Hordaland fylkesbibliotek.