Hopp til hovedinnhold

Vegard Urne anbefaler Muddy Waters

av Vegard Urne — sist endret 2023-03-28T13:18:07+01:00
Vegard Urne er gitarist i countrybandet Empty Bottles Broken Hearts, han har også eit soloprosjekt under navnet Hotel Hotel som i sommer albumdebuterte med plata Famous Smile.
Muddy Waters

The Best of Muddy Waters

Chess, 1955, Frankrike

Moderne Chicago-blues oppsto når McKinley Morgan i 1940 tok med seg countrybluesens klagesongar frå jordene i Mississippi til Chicagos jukejointar, komplette med gambling, prostitusjon og heimebrenning, der arbeiderklassa frå storbyens stålverk fekk utløp for sine sosialrealistiske frustrasjonar etter endt arbeidsdag. Når så onkelen hans skaffa han ein elektrisk gitar slik at musikken kunne høyrast over dei støyande gjestene, oppsto imidlertid Rock'n Roll.

Denne flotte samlinga konsentrerar seg om åra rundt 1950, då Muddys uttrykk for alvor befestar seg. Med musikarar som den fantastiske munnspelaren Little Walter (ei stor inspirasjonskjelde for Tor Ulven!) og Jimmy Rogers einsame gitartwang og suggererande rytmer tilfører dei musikken hittil uhøyrde element av potens, mystikk og eksotisk voodoo.(her er også opptredener av bluesens store låtskrivar Willie Dixon på bass og Shakey Walter Horton på munnspel )

Ein manns skjebne blir spådd i to av samlingas høgdepunkt: 

 

"Rolling Stone"

Well, my mother told my father

Just before I was born

I got a boychild coming

Gonna be a rolling stone

 

Og,

 

"Hoochie Coochie Man"

On the seventh hour, on the seventh day

In the seventh month, the seventh doctor say:

He was born for good luck, that you'll see

I've got seven hundred dollars, so don't you mess with me

 

Som er slik det skal være, Hoochie Coochie Man er ein Rolling Stone, han lyt reise med lett bagasje, svartekunstnar og alkymist med storbygutens streetwise og bygdegutens sjarm, om han skal overleve kynismens og teknologiens tidsalder, samt mistenksame ektemenn.