Hopp til hovedinnhold

Øyvind Hegg-Lunde anbefaler Vijay Iyer Trio

av Øyvind Hegg-Lunde — sist endret 2023-03-29T08:41:47+02:00
Øyvind Hegg-Lunde er trommeslager utdanna ved Griegakademiet. Han er aktiv i byens improvisasjonsmiljø og har m.a. vært involvert i konsertserien Sessions. Han spiller i fleire band, deriblant The Sweetest Thrill, Building Instrument, Krachmacher og Glow.
Vijay Iyer Trio

Historicity

ACT, 2009, Tyskland

Om eg skulle ha valgt eit favorittalbum hadde det nok fort blitt eit betrakteleg meir klassisk album frå musikkhistoria. Men i denne omgang har eg valgt eit eg har høyrt ganske mykje på i det siste - Vijay Iyer Trio Historicity. Forutan Iyer sjølv på piano, finn ein New York-musikarane Stephan Crump på bass og Marcus Gilmore på trommer.
Og for å vere heilt ærlig er det ikkje nødvendigvis alt på denne plata som er like spennande, men eit par spor skil seg veldig ut, og då særleg "Galang" og "Mystic brew". Sistnevnte baserer seg på matematikaren Fibonacci si tallrekkefølge med prinsippet om at summen av dei to foregåande tala gjev det neste talet i rekka. Musikalsk har dei brukt denne rekka i form av ulike rytmiske underdelingar som forandrar seg utover låten etter kor dei er i tallrekka. Ein kan seie kva ein vil om den kompositoriske metoden, system og ikkje system, men resultatet blei særdeles bra syns eg. Og det er absolutt massevis av fin musisering på denne plata, ikkje minst reint rytmisk.

Fyrste gong eg høyrde bandet gjekk det meste rett over hovudet på meg, for det er ganske masse informasjon i denne musikken. Men når dei fyrst lykkes synes eg dei lykkes veldig bra. Likar veldig godt den friske innfallsvinkelen til det kompositoriske og rytmiske, alt gjort på ein særdeles smakfull måte. Ei plate verdt å sjekke ut!