Gogol Bordello: Live From Axis Mundi

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T13:58:37+01:00
Gogol Bordello

Live From Axis Mundi

Side One Dummy, 2009

Gogol Bordello består av øst-europeiske immigrantar som har funnet sin tilhaldsstad i New York. Den musikalske arven frå Balkan har dei derimot ikkje lagt frå seg i møtet med The Big Apple. Gogol Bordello spelar ein form for cabaret-aktig sigøynarpunk som er både våt, sveitt og medrivande. CD-skiva på Live From Axis Mundi inneheld ein kolleksjon av BBC-innspelingar, uutgitte demo-versjonar og raritetar, medan DVD-plata dokumenterar to konsertkveldar frå Irving Plaza i New York (2007). Særleg interessant er videomaterialet som gjev deg sjansen til å oppleve ein særs vilter vokalist og eit band som malar på med galskap i tjukke lag.