Hopp til hovedinnhold

Markblomster og potteplanter

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T14:58:40+02:00
Markblomster og potteplanter består av 15 tonesette dikt av Henrik Ibsen.

Markblomster og potteplanter

Pol Selection, 2009, Norge

Dikta er varierte og er henta frå ulike fasar av Ibsen sitt litterære livsløp. Kvartetten bak prosjektet er Dennis Storhøi, Hilde Norland Gundersen, Espen Gjelstad Gundersen og Frøydis Grorud. Med Storhøi si levande teater-røyst i bakgrunnen og alt frå saksofon, fløyte og trekkspel som tonefølgje, har Markblomster og potteplanter blitt eit mjukt og avdempa visejazz-album som kler om Ibsen sine dikt på ein fin måte.

Utgjevinga har også fått ein pen presentasjon, der blant anna kvart enkelt dikt blir supplert med tekstar som plasserar dei inn i ein historisk og litterær kontekst.

Meir informasjon om verket