Santigold - Santogold

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T13:58:39+01:00
32 år gamle Santi White prøver å nå eit stort og variert publikum. Faktisk er debutalbumet hennar det reine samansurium av ulike musikksjangrar. Her hører vi alt frå dub, ska og indierock til new wave og pop.
Santigold

Santogold

Lizard King Records , 2008, USA

Santigold, som sjølv har jobba i plateselskap, let konvensjonar vere konvensjonar og har opplevd stor suksess med dette dansbare og hybride albumet. Santigold går i bresjen for ein ny generasjon kvinnelige artistar (Lady Gaga, M.I.A, La Roux etc.) som gjer ting utelukkande på sin eigen måte og klarer med det å skape eit friskt og moderne pop-uttrykk. Dette har naturlegvis gjort henne svært populær, både hos det platekjøpande publikum og som ettertrakta samarbeidspartnar for storleikar som til dømes Pharrell Williams (N.E.R.D) og Lily Allen.

MySpace