Hopp til hovedinnhold

Taken By Trees – East of Eden

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T14:58:38+02:00
Taken By Trees

East of Eden

Rough Trade, 2009, Sverige

Den lange reisa går frå Pakistan, via Italia og heile vegen heim til Sverige. Sjølv om det verkar uvant er dette likevel Victoria Bergsman sitt soloprosjekt. Den tidlegare frontfiguren i svenske The Concretes har bytta ut kjølig skandinavisk indiepop til fordel for ein brennheit fusjon av tradisjonsrik pakistansk melodiføring og vestleg modernitet. East of Eden har plassert eit bein i Lahore og det andre i Stockholm og er i bunn og grunn eit veldig spennande bidrag til World-music sjangeren.