Hopp til hovedinnhold
av Trine Dale sist endret 2020-11-23T10:54:11+02:00
Dronninga av alternativ rock er tilbake med nok eit sterkt album - nummer ni i rekka. Det er fem år sidan sist, men det er vel verdt ventetida.

Først vil eg spole tida tilbake til starten av 90-talet. Akkompagnert av trommis Rob Ellis og bassist Steve Vaughan gav PJ Harvey først ut to reindyrka rockeplater på løpande band, Dry i 1992 og Rid Of Me i 1993. Trioen blei deretter oppløyst, men PJ Harvey heldt heldigvis fram på eiga hand.

Det er her snakk om ein heilstøypt soloartist som spelar på mange strengar, og som ein god vin blir ho berre betre med åra. Det første soloalbumet hennar, To Bring You My Love frå 1995, røska tak i meg allereie som 14-åring då eg fekk albumet i konfirmasjonsgåve. Det er herleg røft og direkte - både i lydbilde og tekstunivers. Albumet Stories From The City, Stories From The Sea frå 2000 nådde eit breiare publikum med sitt heilskaplege og fengslande poplandskap.

I 2011 kom den bunnsolide Let England Shake marsjerande, eit tidlaust og mektig album. Tekstane er sylskarpe og tar eit oppgjer med krigens elende og England si rolle i ulike internasjonale konfliktar. Det er også det albumet som er mest nærliggande The Hope Six Demolition Project, som vart sleppt tidlegare i vår. Desse to albuma vender blikket frå det indre og ut mot verda.

Songane på det nye albumet har blitt til som følge av PJ Harvey og krigsfotograf Seamus Murphy sine reiser til Afghanistan, Kosovo og Washington DC i perioden 2011-2014. Det er freistande å karakterisere dette som eit politisk reisebrev i musikkformat. Inntrykka frå desse reisene har også blitt til poesi og fotografi, noko som har resultert i den sterke bokutgjevinga The hollow of the hand (Den opne handa på norsk) i 2015, som gir musikken ein ekstra dimensjon. Songtitlane åleine vitnar om den politiske bodskapen: «The Ministry Of Defence», «The Ministry Of Social Affairs» – men dette er like mykje to songar som er musikalsk interessante.

Albumtittelen og opningssporet på plata refererer til eit saneringsprosjekt i eit fattig område av Washington DC. Ved å pusse opp dei kommunale bygningane vil det bli dyrare å bu, og ein vil såleis drive dei fattige menneska vekk frå heimane sine. Teksten er pakka inn i ein overraskande fengande popsong, og har eit lydbilde som kan minne om Stories From The City, Stories From The Sea.

Dette er likevel ei meir alternativ plate enn opningssporet avslører, og eg let meg særleg begeistre over enkelte element. Den brummande mannlege koringa, som i songen «The Ministry Of Defence», liknar påtakeleg på Nick Cave. Ekstra kjekt er det at PJ Harvey sjølv spelar saksofon på fleire av låtane, både melodiøst og som støyeffekt. Kvar gong eg høyrer dei første ti sekundane av «The Medicinals» blir eg blåst i bakken av den rå stemma hennar. På dette albumet drar ho nytte av heile stemmeregisteret; frå svale falsettparti og ned i dei mørkaste dalane. «The Ministry Of Social Affairs» er som ein marsj, ein marsj mot fattigdom og elendige sosiale forhold.

I songen «The Wheel» minnast artisten barna som døydde under Kosovo-krigen, ein sterk tekst og ein interessant låt. Fengande klapperytme og saksofon før PJ harvey til slutt minner oss om kor lett vi gløymer: «I watch them fade out, I watch them fade out…» Avslutningssporet «Dollar, Dollar» når ikkje heilt til topps, men ho får eit ekstra pluss for bruken av autentisk gatestøy som truleg er tatt opp på reisa – ei reise som musikalsk har resultert i ei sterk, fengande og godt komponert reiseskildring.