Hopp til hovedinnhold

Air - Love 2

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T13:58:39+01:00
Air

Love 2

Astralwerks , 2009, Frankrike

Såklart er det mogleg å bli forelska for andre gang. Den franske pop-duoen har kanskje gått litt i gløymeboka for mange sidan kjempesuksessen Moon Safari (1998), der blant andre monsterhiten Sexy Boy var eit av fleire høgdepunkt. Men fire album seinare utforskar Jean-Benoit Dunckel og Nicolas Godin framleis det utsvevande og elektroniske poplandskap og Love 2 er ei revitaliserande og flott utgjeving. Skiva er i si heilheit innspelt i Paris og dei tolv låtane er alle innspelt, arrangert, produsert og formidla av duoen sjølv.