Hexstatic: When robots go bad!
av Vibeke Garrod
—
sist endret
2016-11-16T13:58:36+01:00
When robots go bad!
Ninja Tunes,
2007
Puh! Her går det unna med brask og bram. Robotar som går amok vil kanskje høyrast litt ut som det her, dersom man lagar musikk ut av det. Hexstatic består av Stuart Warren Hill og Robin Brunson, som i tillegg til å laga musikk også er djupt inne i visuell kunst. Dei har mellom anna opptrådt på Guggenheim-museet i Bilbao, og blei headhunta av David Byrne for å samarbeide på ein av hans konsertar. Hexstatic lagar futuristisk elektrofunk med kuriøse beats, og får god hjelp på vokalsida av mellom anna Sabirajade og B+.