Hopp til hovedinnhold

Kråkesølv: Trådnøsting

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T13:58:39+01:00
Kråkesølv

Trådnøsting

Diger, 2009, Norge

I likheit med bergenske John Olav Nilsen & Gjengen viser Bodø-kvartetten Kråkesølv oss at det går an å lage smittande fin rock og samstundes synge på si eiga dialekt. Trådnøsting er ei av dei mest omsnakka norske debutane i år og eit samla anmeldarkorps har gitt skiva svært generøs mottaking. Den tonemessige inspirasjon synast å komme frå amerikansk post- og indierock (Built to Spill, Death Cab For Cutie), og kanskje også trønderske Motorpsycho, men bandet frå nord har i sum funnet eit uttrykk som får dei til å skilje seg ut frå mengden. Songen Privat Regn har fått høg rotasjon på radio i det siste, men debutskiva formeleg bulmar over av gode melodiar som vil kunne gjere Kråkesølv relevante og interessante i lang tid framover.