Weezer: Raditude
av Arild Ness
—
sist endret
2016-11-16T13:58:38+01:00
Raditude
DGC/Interscope,
2009,
USA
Ein skulle tru at alder gjorde noko med ønsket om å framstå som meir moden og erfaren. Men for amerikanske Weezer er det tydelegvis ikkje alltid slik. For sjølv om også litt dystre og halvmørke sidar har blitt utforska (for eksempel på den svært vellukka skiva Pinkerton) har bandet sidan debuten i 1994 dyrka fram glade og barnlege pop-låter med fleirstemt koring, halvnerdete tekstar, allsangvennlege refreng og partysterke gitar-riff. Og Raditude, derira sjuande album, er ingen unntak i så måte. Med låtar som Can`t Stop Partying, Let It All Hang Out og In The Mall er det ingen tvil om at Weezer er seg sjølv lik, i både stil og innhald.
MySpace