Gåver til biblioteket

Korleis forheld biblioteket seg til gåver og donasjoner frå privatpersoner?
Biblioteket får svært mange tilbod om å overta større og mindre "boksamlingar". Det kan vera alt frå dødsbu til studentar på flyttefot. Vi arbeider hardt med å rydda i eigne samlingar og er svært restriktive med å ta i mot gåver.
Lånarar som ynskjer å gje gåver må ta kontakt med biblioteket eller informasjonsskranken for det aktuelle materialet / fagområdet.
Hugs
- Bøker eller anna materiale skal vera i god teknisk stand.
- Vi er stort sett berre interesserte i nyare materiale som er mykje etterspurt, har venteliste e.l., eventuelt materiale av historisk eller lokalhistorisk verdi.
Korleis gå fram?
- Du må levera ei liste med oversyn over materialet. Lever oversikten i skranken på biblioteket eller benytt bibliotekets kontaktskjema.
- Vi på biblioteket vil så gå gjennom lista og gjev deg tilbakemelding om kva materiale vi er interesserte i å sjå på og avtaler kvar og når materialet kan leverast.
- Vi forbeheld seg retten til å gå gjennom materialet og plukke ut det vi vil ha. Resten må du ta med deg heim.