Hopp til hovedinnhold
av Ørjan Persen sist endret 2023-04-13T13:15:23+02:00
PressReader gir deg komplette digitale kopiar av aviser og tidsskrift for lesing på PC, nettbrett og smarttelefonar.

Hvis du loggar deg inn via det digitale lånekortet eller via Mine sider får du tilgong til Pressreader heimefrå. Du finn Pressreader under menyvalget "digitale tjenester".

Vel mellom over 6000 aviser og tidsskrift frå meir enn 125 land på 60 ulike språk. Det finst og nokre norske aviser, mellom anna Bergens Tidende, Aftenposten, Stavanger Aftenblad og Dagbladet.

Dersom du er pålogga det trådløse nettet på biblioteket får du automatisk tilgong til Pressreader. Du har og tilgong til tjenesten i 7 dager i ettertid. 
Med PressReader kan du lese aviser og tidsskrift frå perm til perm, akkurat slik dei vart trykt. Tenesta fungerer på operativsystema iOS, Android, Windows 8 og Blackberry 10.

Korleis får eg tilgong til PressReader?

På nettbrett og smarttelefoner og pc-ar med Windows 8.1 eller nyare: 

1. Kople til biblioteket sitt wi-fi-nettverk

2. Last ned PressReader-appen der du vanlegvis lastar ned appar.

3. Start appen medan du er i biblioteket, og du vil automatisk bli kopla til biblioteket sitt HotSpot.

På andre datamaskinar

1. Kople til biblioteket sitt wi-fi-nettverk

2. Gå til www.pressreader.com 

No har du fri tilgang til PressReader på biblioteket og i 7 dagar i ettertid. Du kan lese aviser og tidsskrift medan du er pålogga. Du kan anten lese publikasjonen i originalormatet, eller klikke/tappe på sida og lese i SmartFlow – ei horisontal vising som gjer lesing enkel på alle skjermar.

Korleis laster eg ned aviser og tidsskrift? 

Finn det du vil lese. Du kan bla i lister sortert etter type publikasjon, utgjevarland, kategori eller språk, eller du kan søke i søkefeltet oppe til høgre på sida. Du opnar ei liste ved å klikke eller tappe på ho (når du brukar nettlesar og ikkje app, må du peike i ei liste, holde venstre museknapp inne og dra opp eller ned i lista for å bla).

Du laster ned ein publikasjon ved å klikke eller tappe på han og velge Download, eller å tappe direkte i sirkelen med nedoverpil.

Norsk rettleiing i PDF.