Hopp til hovedinnhold

Pode - Nintendo Switch

av Guro Tolo sist endret 2026-09-11T09:54:48+02:00
Kva kan ei stjerne gjere når ho ramlar ut av himmelen? Klatre opp att, så klart! Men det er ikkje så lett å få til heilt åleine. Nettopp difor må ho få hjelp av ein liten stein.

Pode

Henchman & Goon AS, 2018

Saman styrer du og medspelaren din dei to figurane gjennom huler og tunellar for å finne vegen opp det høgaste fjellet – fjellet som når heilt opp til stjernehimmelen. Her må ein bruke kvarandre og sine sterke sider for å få både plantelivet og samarbeidet til å blomstre. Eit fint hjernetrimspel som passar godt å spele med nokon ein vil vise litt tillit.   

Pode - Bergen Offentlige Bibliotek