Assassin's Creed 2 (PS3)

av Arild Ness sist endret 2016-12-22T18:27:19+01:00
Ubisoft presenterar oppfyljaren til det populære snikmordar-spelet Assassin's Creed (2007).

Assassin's Creed 2

Ubisoft, 2009

Denne gongen har vi forflytta oss til Italia under renessansen der vi kontrollerar adelsmannen Ezio Auditore da Firenze. Ezio søkjer blodhemn etter at faren og brødrene urettvist blir dømt til døden og hengt. Jakta på dei ansvarlege krevjar ei lang reise som blant anna fører oss til landemerke i Roma, Venezia og Toscana.

Assassin's Creed 2 er eit action-eventyr som fordrar både kløkt, sniking og kaldblodige evner. Spelet har ei ikkje-lineær oppbygging slik at du fritt kan utforske dei detaljrike omgjevnadane slik du sjølv måtte ynskje det. Spellinja er variert og allsidig og inneheld om lag 200 ulike oppdrag, der ca halvparten følgjar hovudhistoria, medan dei resterande blir valfrie sideoppdrag.

Av nyvinningar i forhold til originalen finnast det blant anna nye mogleikar for å unngå avsløring og ein større fridom i forhold til rørsle. Du får dessutan tilgang til ei rekkje nye kampvåpen, forsynt til deg av ein ung Leonardo da Vinci. Resten kan du oppdage sjølv ved å komme til biblioteket og spele, men merk deg at Assassin's Creed 2 har fått 18-års aldersgrense.

PEGI 18

Spillere: Singel

 

Trailer