Brütal Legend (PS3)

av Arild Ness sist endret 2016-12-22T18:27:20+01:00
Heavy Metal-musikk og blodsprutande action i skjønn foreining.

Brütal Legend

Electronic Arts, 2009

Du spelar ”verdas beste roadie” Eddie Riggs (med stemma til Jack Black) som på finurleg vis morfast inn i ei verd inspirert av heavy metal cover-album. Bevepna med ei øks, ein flying V-gitar og din amerikanske hot rod må du nedsable overnaturlige vesen som har tatt over kontrollen.

Brütal Legend miksar tredje-persons actionspel med element typiske for strategispel. Om tegneserieaktig øksemania og heftige kampscener er din tekopp, er scena satt med spelet sine over 20 hovudoppdrag og 30 sideoppdrag. Om du i ei periode ynskjer strategiske utfordringar heller enn heseblesande action får du også det gjennom eigne festivalkrigar.

Spelet hentar inspirasjon frå, og kan sjåast som ein aldri så liten hyllest til, estetikken, mytologien og musikken i Heavy Metal-scena. Lydsporet til Brütal Legend er proppa full med kjente og ukjente metal og rockelåter, og artistar som blant andre Ozzy Osbourne, Rob Halford(Judas Priest) og Lemmy frå Motörhead har tilførd sine karakterstemmer i spelet.

Spelet er utvikla av selskapet Double Fine Production under leiing av Tim Schafer, mannen som tidlegare har vore involvert i slike klassiske spel som Day of the Tentacle, Monkey Island og Full Throttle.

PEGI 18



Trailer