Call of Duty - Modern Warfare 2 (PS3)

av Arild Ness sist endret 2016-12-22T18:27:19+01:00
Modern Warfare 2 tek opp tråden frå sist gong. Konflikten mellom USA og Russland er igjen på brestepunktet.

Call of Duty - Modern Warfare 2

Activision, 2009

Den amerikanske utgjevaren Infinity Ward har med sin Call of Duty-serie gitt oss fleire av dei mest populære krigsspela som finnast. Det førre spelet i serien, Call of Duty 4: Modern Warfare (2007) blei solgt i over 13 millionar kopiar og forventningane har vore skyhøge til oppfyljaren Modern Warfare 2.

Historia tek til fem år etter hendingane som avslutta forgjengaren. Som vanleg er det jakta på terroristar som står i fokus, denne gongen i form av russiske ultranasjonalistar under leiing av Vladimir Makarov. Dei ulike oppdraga er fylt til randen med heseblesande action og flybillettar må bestillast til blant anna Brasil, Afghanistan, Sibir, USA og Russland.

Anten du vil spele åleine eller saman med andre er det fleire mogleikar her. Kampanje-delen har eit omfang på 6-7 timar og sender deg på ei rekkje livsfarlege oppdrag rundt omkring på kloden. Som vanleg kan du også koble deg på nett og spele mot andre i multiplayer-biten og CoD introduserar også ein modul som heiter ”Special Ops”. Der kan du spele aleine eller saman med ein venn (lokalt eller online) på ei rekkje oppdrag der målet er å samle inn stjerner og låse opp nye nivå.

Grafikken er realistisk, musikken storslagen og pompøs og hendingane på skjermen ganske så brutale - til saman gir dette spelet ei svært så intens oppleving av krig.

Men når det er sagt inneheld Modern Warfare 2 flust med sekvensar av voldeleg natur og har rimeleg nok fått aldersgrense 18 år.
PEGI 18



Trailer