Hopp til hovedinnhold

Lego Indiana Jones - The Adventure Continues (PS3)

av Arild Ness sist endret 2022-09-11T14:30:59+01:00
Sving pisken og bli med på skattejakt. Lego på Playstation er minst like gøy som vanlig lego.

Lego Indiana Jones - The Adventure Continues

LucasArts, 2008

Fleire velkjende actionfilmar har i spelformat fått sin ”Lego-makover”. Tidlegare har vi sett både Batman og Star Wars bli ”legofisert” og gjort om til underhaldande spel for heile familien. Det samme har også hendt med Indiana Jones. I 2008 kom det første lego-spelet i serien om den fareoppsøkande arkeologen. Her står oppfyljaren for tur.

Spelet har fått 7-års aldersgrense, men kan i prinsippet passe godt for alle. Ung som gammal. Og kanskje særleg gøy blir det for dei som har latt seg oppsluke av Indiana Jones-universet på filmskjermen. I likheit med i originalspelet gamer vi oss gjennom velkjente scener frå dei fire Indiana Jones-filmane, inkludert Indiana Jones og Krystallhodeskallenes rike (2008).

Her kan du gå rundt på jakt etter skattar, oppdage skjulte røyndomar og velje mellom ein mengde ulike karakterar som fører deg vidare i spelet. For dei som ynskjer å perfeksjonere seg i streben etter full poengpott er det mogleg å oppsøke spelet sine eigne bonusbrett. Det er også lagt opp til at to stykker kan spele samtidig ved hjelp av at skjermen splittast i to (kanskje far og son på slå seg samen her?). Nytt av året er også mogleiken for å bygge eigne brett i spelet, gjennom ein innebygd editor.

The Adventure Continues tilbyr utfordringar, action og gåteløysing så langt auget rekk.
PEGI 7

 

 

Trailer