Ratchet & Clank: A Crack in Time (PS3)

av Arild Ness sist endret 2016-12-22T18:27:20+01:00
Klokka tikker og går når Ratchet må redde sin venn Clank frå den onde Dr. Nefarious.

Ratchet & Clank

Sony Computer Entertainment, 2009

A Crack in Time er eit nytt plattform/skytespel i den populære Ratchet og Clank-serien. Spelet føyer seg inn som det niande i rekkja om dei to romheltane. Som det tredje på PlayStation 3, avsluttar Sony her også sin såkalla ”Future”-triologi.

Historia bygger på dei to føregåande utgjevingane, men for dei som er ukjent med desse får vi ei nøye framstilling av forhistoria undervegs i spelet. Roboten Clank har blitt kidnappa av onde Dr. Nefarious og Ratchet må legge ut på eit halsbrekkande og humørfylt eventyr for å redde sin venn, samt forhindre at doktoren får kontroll over det mektigaste av alle våpen, nemlig evna til å kontrollere tid.

Undervegs på reisa står heftige utfordringar og spennande mogleikar i kø. Det er blant anna naudsynt å manipulere med tid for å komme seg vidare, vitje nye måner og planetar, løyse enkle og meir kompliserte pusleoppgåver og bekjempe innbitne fiendar. Spelet presenterar ei interessant og fin historie, inneheld mykje vittig dialog og mange underhaldande karakterar dukkar opp undervegs.

Trailer