Les ei bok på nynorsk!

Det har gått to år siden det verste skjedde, og Bianca sliter. Hun er adoptert og føler mer enn noen gang, at hun ikke egentlig er en del av familien til de som hun kaller mamma og pappa. Det er sommer og Bianca har fått seg sommerjobb i et rengjøringsfirma for å komme seg ut av huset. Her plukker hun opp boss og rengjør toaletter. Ikke mer enn hun fortjener, tenker hun. En dag får hun i jobb å rydde ut en leilighet der det ble begått et drap. Bianca blir besatt av drapssaken og av morderen. De har jo noe til felles, de er skyldige begge to....

Johanne er 17 år, gardsjente og einebarn. Ho drøymer om å flytte til byen for å studere psykologi etter vidaregåande, men ifølge foreldra er det ho som skal ta over garden. Romanen si hovudkonflikt føregår på det indre plan - Johanne har slett ikkje lyst å bli bonde, men føler på skyld, skam og frustrasjon over foreldra som legg dette ansvaret på ho utan å snakke med ho om kva ho sjølv vil. Samtidig er det også ei nedpå og ærleg forteljing om å bli vaksen - om å miste det naive blikket på foreldre, bryte ut av vennskap, om fasade, sorg, homofili på bygda, fest, fyll, flørting, og om å markere sine eigne grenser.
Eling A. Westgaard Flote debuterer med ein god og truverdig bygderoman som tar ungdom på alvor.

Agnes er snart 16 år og går i 10. klasse. På skulen seier dei “Spela terning etter skulen” som kodeord for å rota i skjulet bak skulen. Agnes har rota litt med to andre gutar tidlegare, men denne gongen er det annleis. Denne gongen er det Matteo som spør. Etter Agnes og Matteos "andre date" i skjulet oppstår det fleire misforståingar som skal få store konsekvensar for Agnes. På Agnes’ bursdagsfest trur ho at ho ser at Matteo kyssar Adelina frå klassen. Dette gjer at Agnes drikk seg full og blir funne på toalettet saman med ein framand mann. Borte er Matteos kjensler for Agnes. Etter å ha blitt "slut-shamet" på toalettveggen, på Snapchat og ansikt til ansikt av medelevar, bestemmer Agnes seg for å drita i ryktet sitt. Når ein først har fått eit hore-stempel, så kan ein jo spela på det...
Dette er ei bok om sex, kåtheit, orgasmar og porno. Agnes stiller spørsmål som mange lurar på. Samtidig er det ei bok om kjensler, det å bli vaksen og det å få ryktet sitt øydelagt av medelevar. Ei sterk og rå bok.

Etter at søstera til Iben døyr av ein overdose, blir ho tvinga til å endra framtidsplanane sine. Etter mange år på kostskule i utlandet var det studiar på NHH og Harvard som stod for tur. Dette blir no bytta ut med sorg, raseri og ein trong til å finne ut kva som eigentleg skjedde med søstera, Alexa. Politiet har lagt bort saka, men etter at ein video frå kvelden ho døydde blir spreidd i sosiale medium, bestemmer Iben seg for å hemna søstera. Ho vil bli kjend med gutane som var med Alexa då ho døydde og viklar seg inn i eit rikmannsmiljø på Oslos vestkant der rus, vald og frislepp frå foreldre rår.
Ein fengjande, mørk, intens og uhyggjeleg psykologisk thriller om hemntankar, samtykke og overgrep.

Rasmus, kjærasten til Marie, har sona i fengsel. Marie er alltid uroleg og på vakt. Professor Finn Baal tar kontakt og inviterer Marie med ut til Slåtterøy fyr for å filme til eit prosjekt. Ho skal få 30 000 for jobben. Han oppfører seg rart, og Marie begynner raskt å ane ugler i mosen, og så forsvinn attpåtil mobildekninga der ute i havgapet. Nidhoggr er ein intens og (veldig) lettlesen thriller om gnaginga på forferdelege hendingar frå fortida. I norrøn mytologi er Nidhoggr ormen som gneg på ei av røtene til verdstreet Yggdrasil. Det er grenser for kva ein kan sleppe unna med, ifølge Finn Baal, og kanskje ifølge Marie sjølv. Kan ho sleppe fri?

Har du nokon gong høyrt legenda om Svarte-Mathilda?
Når Elisabeth og mora flyttar til ein ny plass, går det ikkje lang tid før Elisabeth får høyra kva som skjedde i leilegheita 20 år tidlegare. Ei jente vart drepen på brutalt vis og mordaren vart aldri tatt. Det skjer rare og uforklarlege ting i leilegheita. Elisabeth og den nye vennen Philip bestemmer seg for å finna ut meir om kva som skjedde i leilegheita 20 år tidlegare. I jakta på svar kjem dei over legenda om Svarte-Mathilda. Ho som kjem ut av spegelen dersom du kallar på ho... Men kven var eigentleg Mathilda og korleis vart ho til Svarte-Mathilda? Og kva vil skje dersom Elisabeth kallar på ho? Dette er ein grøssar som vil få det til å gå kaldt nedover ryggen på deg. Du er åtvara!

Dina har arva mora si gåve. Denne gåva gjer at alle som ser ho inn i auga vil hugsa alt det slemme dei har gjort og få dei til å skamma seg over det. Ein dag blir Dinas mor sendt bod på. Kongen av Dunark og familien hans har vorte drepen. Kongens eldste son, Nicodemus, er mistenkt for drapa. Derfor treng dei ein Skammar for å sjå inn i hovudet hans om han har gjort det. Nokre dagar seinare, kjem det ein mann for å henta Dina. Mora har bede om hennar hjelp. Dina er overtydd om at Nicodemus ikkje har gjort det, men det er nokon som ønskjer at han skal ta skulda....
Dette er ein utruleg spennande fantasy-serie full av drakar, riddarar og magiske krefter. Skammarens dotter er første bok i ein serie på fire bøker.

Anna og familien har flytta til ein ny plass slik at Anna kan starta på nytt. For, på den gamle staden skjedde det noko som gjorde han ho ikkje kunne bli der meir. Ho forelska seg i Lars og delte med han noko som han ikkje skulle dela vidare. Men han braut tilliten hennar og delte det vidare likevel. No kjenner Anna på skam og redsel for at det ho gjorde skal følgja med henne same kvar ho dreg.
Dette er ei sterk bok om korleis sosiale medium kan snu opp ned på livet. Om skamma som følgjer og rykta som ein ikkje kan sleppa unna. Ei sterk og viktig bok.

Eline har hatt ein kjempefin og innhaldsrik sommarferie og ser fram til å byrja på dramalinja på vidaregåande og, ikkje minst, til å vera med kjærasten Jonas. Men Jonas har også hatt ein innhaldsrik ferie. Han har møtt ein annan og vil gjera det slutt. Hjartet hennar er knust, og ekstra vondt blir det når Jonas sin nye kjærast er ei som Eline kjenner godt. Korleis skal ho kunna gå i klasse med den nye kjærasten hans, korleis skal ho kunna sjå dei saman på gata? Eline kjenner på sorg, svik og sjalusi, ho får lyst til å gi opp på framtidsplanane sine. Ho dreg ut i skogen for å takle kjenslene sine. Der møter ho Thomas. Ein mystisk gut som bur åleine ute i skogen på rømmen frå politiet. Også Thomas kjenner på sorg. Etter kvart som dei blir kjende, deler dei historiene sine med kvarandre.
Ei fin bok om det å kjenna på sorg, sjalusi og det å bli etterlate. Er det slik at ein kan rangera sorg, har nokon meir rett på å sørgja enn andre?