Hopp til hovedinnhold

Nynorske ungdomsbøker

Har de ei bok på nynorsk? Mange lurer på korleis dei skal finne fram til bøkene på nynorsk på biblioteket. Her finn du nokre av våre tips til nyare ungdomsbøker på nynorsk.

Av: Silje Solsvik. Alle omtalene er utarbeidd av Biblioteksentralen.


Sceneskifte av Kari Mathilde Hestad 

Kjærasten til Alex har slått opp med ho utan forklaring. Alex blir mobba av dei andre jentene i klassen fordi ho er skeiv, og samstundes må ho førebu seg til den første konserten med bandet sitt. Når alt ser som mørkast ut, begynner det ein ny gut i bandet. Mika har tjukt, mørkt hår, holete jeans og spelar bass som ein gud. I tillegg ser han ut til å vere interessert i Alex. Men kvifor blir Alex interessert i Mika, ho liker jo jenter? Kva er det eigenleg som gjer Mika så sjølvsikker? Tør Alex i det heil tatt ta sjansen på forelske seg att? Dette er ein forteljing som på truverdig måte tematiserer forelsking, seksualitet og kjønnsroller. Kjærasten til Alex har slått opp med ho utan forklaring. Alex blir mobba av dei andre jentene i klassen fordi ho er skeiv, og samstundes må ho førebu seg til den første konserten med bandet sitt. Når alt ser som mørkast ut, begynner det ein ny gut i bandet. Mika har tjukt, mørkt hår, holete jeans og spelar bass som ein gud. I tillegg ser han ut til å vere interessert i Alex. Men kvifor blir Alex interessert i Mika, ho liker jo jenter? Kva er det eigenleg som gjer Mika så sjølvsikker? Tør Alex i det heil tatt ta sjansen på forelske seg att?

Dette er ein forteljing som på truverdig måte tematiserer forelsking, seksualitet og kjønnsroller.  


Arrfjes av Terje Torkildsen

I april 1812 oppdagar førstereisguten Ejner Tevig og resten av mannskapet om bord på den norske skuta Haabet ein engelsk brigg i Nordsjøen. Kanonbåtkrigen med England er på sitt hardaste og fleire tusen norske sjømenn blir tekne til fange og sende i den engelske prisonen. Kapteinen på Haabet bestemmer likevel at dei skal kapre den engelske briggen. Det burde dei absolutt ikkje gjort.

Dette er ein historisk sjøroman. Forteljing for ungdomstrinnet.


Splintra av Hilde Myklebust

Venneflokken har sommaren etter tiande klasse i lag, før dei byrjar på vidaregåande og blir spreidd i kvar si retning. Mia og Are kjem nærare kvarandre, og det blir vanskeleg å skilja mellom vennskap og kjærleik. Mia startar på musikklinja og blømer i det nye miljøet. Så blir Are veldig sjuk. Det handlar om vennskap og om korleis det er når noko veldig fint og noko veldig vondt skjer på same tid.

Roman for ungdomstrinnet.


Abnormium av Ida Kinden Jonassen

Athea drar til skolen Abnormium, ein skole der det skjer mystiske og skumle ting. Heime hos mora har Athea blitt låst inne kvar kveld så lenge ho kan hugse. Ho veit ikkje grunnen til dette anna enn at ho må beskyttast for eit eller anna der ute. Mora til Athena er sjuk, og ho antar det er difor ho stenges inne om kvelden. Men så kjem marerittet, dei søvnlause nettene, lydane frå kjellaren og Abnormium.

Boka har parallelle tekstar på nynorsk og bokmål i same bok. Det er opp til lesaren å velje kva for ein versjon han ønsker å lese.

Fantasy for ungdomstrinnet.


Eg blir her av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

16 år gamle Oda bur i ei lita bygd på Vestlandet saman med besteforeldra o faren sin. Det er sommar, og ho gleder seg til å vere med kjærasten Sondre og vise han bygda og naturen. Men det blir annleis når irriterande Daniel kjem. Han heng etter ho og masar om at ho må reise frå bygda. No må ho finne ut av kjenslene sine. Oda har også ein far som drikk for mykje, har starta pub for turistane heime i stova og blir sett som ein bygdeoriginal.

Roman for ungdomstrinnet.


Kvil i fred av Peter F. Strassegger

Per og kameraten Oskar går i tiande klasse og stel øl, taggar og slåst. Heime slit Per og faren med sorga etter at mora døydde. Kvifor klarar dei ikkje å snakka om det som har skjedd? Og kvifor er Per sint på faren? Per og Oskar røyker hasj og køyrer bil ulovleg. Så ein dag blir dei tekne av politiet, som ber dei om å ta eit oppgjer med det livet dei har levd til no. Men Per er ikkje klar for å leggja alt bak seg enno. Han må ta eit anna oppgjer først. Eit oppgjer som han kanskje vil angra på. Men han må. Noko driv han, han får ikkje fred. Kven er det som ikkje kviler i fred?

Peter F. Strassegger blei nominert til Nordisk råds litteraturpris og Uprisen for sin førre ungdomsroman, Aleksander den store. Den nye romanen hans tek utgangspunkt i same tematikk og landskap: gutar som fell utanfor i ei lita vestlandsk bygd. Kan ein forstå utagerande åtferd hos ungdom på ein annan måte enn gjennom fordømming?


Draumar betyr ingenting av Ane Barmen

Louise kjem heim for sommaren. Det ho møter er ein sjukeheimsjobb, vener ho ikkje lenger har noko til felles med, og ei vond kjensle i hjartet. Tormod døydde for eitt år sidan, og bursdagskorta han teikna heng framleis på veggen heime.

Dette er ein bok om sorg, systerskap, og å finne ut kven som kan kjøpe øl. Forteljing for ungdomstrinnet.


Vulkan av Zakiya Ajmi

Kjærleik mellom menneske kjem til uttrykk på mange ulike måtar. For Anna og mora innebar foreldras kjærleik til at dei måtte flykte til eit krisesenter, for så å flytte til ein ny by. Annas venninne, Chili, er kjærast med Oscar. For Chili betyr Oscar alt, men spørsmålet er om ho betyr like mykje for han. Annas møte med Idris er noko heilt spesielt. Men det er vanskeleg å finne sin eigne veg i kjærleiken når ein viklar seg inn i alle andre menneskes sine kjærleiksforhold. Sjølv om Anna gjerne vil starte på nytt er det ikkje lett å begynne på eit nytt kapittel når det første kapitelet aldri sluttar.

Dette er ei historie om kjærleik, familie og mishandling.


Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl

Den 11 år gamle Dina er dotter til Skammaren og har arva same gåva som mora har. Når ho ser nokon i auga, er dei tvinga til å fortelje heile sanninga. Blikket gir makt, men det er også ei farleg gåve. Forbrytarar fryktar ho, og mange ønskjer å utnytte ho. Når Skammaren blir kalla til Dunark-borga der den vonde fyrst Drakan herskar, må Dina komme mora til unnsetning. Men Dina ønskjer ikkje å spele helt, eigentleg vil ho vere heilt vanleg, men det går ikkje når ein er Skammarens dotter og har fått auge som ingen vanlege menneske tør å sjå inn i.


Du veit ingenting av Sigrid Agnethe Hansen

Tina er 16 år og går siste året på ungdomsskulen. Ho har ei veslesøster, Erika, som ikkje er som andre småsøsken. Ho kan plutseleg gå i vranglås og krev mykje av tida og kreftene til foreldra. Tina skulle ønske ho hadde ei søster som ikkje laga scenar for den minste ting. Men når nokon ein dag seier noko stygt om Erika, svartnar det for Tina. For om ikkje ho står opp for Erika, kven skal gjere det då? Dessutan har Tina eit anna problem. Medan alle rundt ho begynner å forelske seg, kjenner ikkje Tina noko, verken for gutar eller jenter. Når bestevenninna Anna plutseleg forelskar seg hovudstups i ein gut, blir Tina ståande heilt einsam att.

Forteljing for ungdomstrinnet.