Hopp til hovedinnhold

Alle er døde, Hedvig er aleine

av Elisabeth Skråmestø Wyller sist endret 2017-04-05T09:34:38+02:00
Ei ungdomsbok om å finne vilje til å overleve når ein ikkje er sikker på om ein har noko å leve for.
Sofia Nordin

Ett sekund av gangen

Mangschou, 2014
978-82-8238-091-1
barn

13 år gamle Hedvig rømmer frå huset der ho akkurat har sett mor, far og lillebror Ludvig på to år dø. Dei blei plutseleg sjuke og ho klarte ikkje å redde dei. Strømmen er borte og ingen tar telefonen når ho ringer nødnummera.

Ute blir det fort klart at det ikkje berre er Hedvig sin familie som er døde. Det er besteveninna Lydia som kunne alt ting. Det er tilfeldige menneskjer som har forsøkt å komme seg bort. Hedvig forstår at ho ikkje kan rekne med at nokon andre har overlevd. Ho må finne ein måte å overleve på aleine, men ikkje i heimbyen der det ligg døde over alt. 

Er det verdt å leve når ein ikkje har nokon andre? Når ein aldri vil få ein kjærast eller ein klem? Er det mogleg å leve når ein er heimsøkt av ein liten lillebror sine siste ord ?

 Ett sekund om gangen av Sofia Nordin er første bok i ein planlagt triologi. Den fenglsa i alle fall denne lesaren frå første side. Boka gir ei velskriven og realistisk framstilling av ein likevel urealistisk situasjon. Bok nummer to kan ikkje kome raskt nok.