Hopp til hovedinnhold

Dirrande kjærleik

av Silje Egge sist endret 2017-04-05T09:36:32+02:00
Kor mange nerveceller har du i handa? Vert det fleire av dei når han stryk tommelen sin i handflata di?
Rainbow Rowell

Eleanor & Park

St. Martins Press, 2013, USA
978-82-93346-00-5
barn
Går det an å vere så forelska at ingenting anna betyr noko som helst? Kan kjærleik mellom to ungdommar vere endelaus, sjølv om dei inst inne veit at tida deira er avgrensa? Ja, og ja. Denne boka gir deg kjærleik inn med teskei. Kjærleik som er blendande vakker i glitrande motlys, som får deg til å nikke anerkjennande eller bli sveitt på ryggen, alt etter kor norsk du er. Det er ein amerikansk forfattar dette her, det er mykje av alt, og du må ta boka som ho er. Dødsfin, tykkjer eg. Sånn her er ho:  
 

Eleanor har stort, bustete raudt hår. Ho har rare klede, masse heimelaga armband og smykke, av og til slips. Ho passar absolutt ikkje inn. Det verkar nesten som ho gjer ein innsats for å ikkje passe inn. I same augeblikk som han ser ho, lurer han på kvifor ho har gått så aktivt inn for å vere hakkemat for mobbarane. Dei kjem til å ete ho levande. Det er fullt på skolebussen, og ho nærmar seg den farlege sona bak i bussen. Før han får tenkt seg om, har han slengt ut eit banneord og bedt ho sette seg ned attmed han. Han ser utav vindauget og skrur opp volumet på walkmanen.

 
Slik møter Eleanor og Park kvarandre for første gong. Vi er i USA midt på 80-talet. Rettare sagt i Omaha, i eit høl av ein forstad. Det einaste som hindrar Eleanor i å skamme seg over dei elendige kåra heime, er at alle andre bur i like falleferdige hus. Det er midt i skuleåret og Eleanor har flytta og bytta skule. Kvifor, veit ikkje Park. Han spør ikkje heller. I staden legg han merke til Eleanors blikk på teikneseriane han les på veg til skulen. Ho prøver å lese i skjul, men han ser det, og lar ho lese ned sida. Dei seier ikkje noko til kvarandre, men ein dag tar Park med seg ein haug teikneseriar og legg dei på setet til Eleanor. Ho får låne dei med seg heim og er veldig forsiktig med dei. Lån av teikneseriar blir etter kvart til kassettar, og i bøker og musikk finn dei kvarandre. Verda blir utvida og innsnevra på ei og same tid. Med eitt er det berre Eleanor som finst for Park, berre ho som er viktig. "Eleanor er ikke pen. Eleanor er kunst." Park blir Eleanor sitt einaste stabile haldepunkt i hennar elles ganske turbulente verd. Dei veit ikkje kor viktige dei er for kvarandre. Det er det berre lesaren som veit. 
 
Boka vekslar mellom perspektiva til Eleanor og Park og bidrar til at ein som lesar vert godt kjend med begge karakterane. Vi får også eit større innblikk i liva enn det dei gir kvarandre, noko som etter kvart kjennast litt frustrerande. Eleanors familie er nemleg svært uharmonisk og står i sterk kontrast til Parks normale familie. For Eleanor står Parks gifte foreldre fram som ein fredens borg mot hennar eigen destruktive heim. Men sjølv om Park sine kjensler veks, veit han ingenting om livet hennar før ho kom til skulen, og ingenting om kva slags forhold ho lever under heime. For Eleanor er Park ei frisone. Ein løyndom ingen må få vite om, for då kjem mora sin nye og sterkt alkoholiserte mann, Ritchie, garantert til å gå bananas, og ho kan ikkje miste Park. 
 
For meg som er fødd på 80-talet, og er vakse opp med musikken som vert bakteppe for denne romansen, er det lett å finne den riktige stemninga. Aner du ikkje kven The Smiths eller Joy Division er, har du likevel lykka med deg. Underteikna har nemleg snekra ei speleliste som ligg tilgjengeleg på Wimp. Den heiter "Eleanor & Park" og ligg rett her.
 
For de av dykk som har Spotify, kan de høyre listene forfattaren sjølv har laga. Spotify-link finn du her.
 
<3 LOVE WILL TEAR US APART <3