Guttene
Guttene
Dette er ei bok der handling og språk boblar over av utforskingstrang, energi og begjær. Boka sprenger konvensjonelle rammer og får lesaren til å sjå verda fra ein annan ståstad. Vi møter tre kreative ungdommar, Bella, Momo og Kim, som har eit sterkt fellesskap seg imellom. Kim får plutseleg ein telefon frå Bella som tar ho tilbake til den sommaren dei tre fylte 14 år, den sommaren alt vart forvandla.
Det er sommar og jentene held seg mykje i veksthuset som Bella har arva av besteforeldra. Bella bestiller planter og frø frå utlandet, og eit av frøa veks til ein stor kjøttetande plante med digre posar sprekkeferdige av nektar. Ei natt bestemmer dei seg for å ta ein drope av nektaren i teen. Dei døser av og vaknar, og kroppane deira har blitt forvandla til gutekroppar. Nektaren varer berre natta gjennom, og dei tre brukar nettene framover på å infiltrere gutefellesskapet. Bella og Momo får fort nok, og finn seg gradvis til rette i sine gamle kroppar. Kim derimot, har vanskeleg for å vende tilbake til sitt gamle eg. Ho sug planten tom for nektar og blir stadig meir trekt mot Tony, ein røff og småkriminell gut som byr på netter fulle av råskap og dramatikk.
Jentene blir sett på som objekt, med stadig tafsing og kommentarar frå gutane. Gutane er framstilte enkle og stereotypiske, noko som gjerne er gjort bevisst for å provosere, men utforskinga av kjønn og kjønnsroller er medrivande og interessant. Boka er aller best når den forlet det realistiske, og går inn i det ukjende, magiske og spennande.
Om ein godtek premisset for handlinga, sjølve kjønnsforvandlinga, opnar det seg ei sterk, sensuell og sanseleg bok. Språket er vakkert, og stemninga er magisk:
Jeg løp nedover gaten i natten. Beina mine var kraft og fart og styrke. Jeg kjente at fotsålene traff asfalten, og for hvert skritt var det som om jeg tok sats på en trampoline, et sprang ut i luften, en berusende følelse av å kunne fly. Som å bli født på nytt, som om kroppen hadde fått hukommelsestap og svingt inn på en hemmelig og ukjent vei.