Hopp til hovedinnhold

Nidhoggr av Bjørn Sortland

av Anne Wang-Andersen sist endret 2024-11-14T12:41:28+01:00
Bjørn Sortland

Piggsvin forlag, 2023
9788293323334
barn

Professor Finn Baal inviterer Marie med til Slåtterøy fyr for å filme til eit prosjekt. Ho skal få 30 000 for jobben, om dei startar allereie dagen etter. Han oppfører seg rart, og Marie føler seg raskt ukomfortabel og etter kvart meir og meir skremd, og så forsvinn attpåtil mobildekninga der ute i havgapet.

Nidhoggr er ein intens og lettlesen thriller om gnaginga på forferdelege hendingar frå fortida som ein ikkje får gjort om på. I norrøn mytologi er Nidhoggr ormen som gneg på ei av røtene til verdstreet Yggdrasil. Det er den som set grenser for kva ein kan sleppe unna med . . .